Gunstein Bakke: Maud og Aud. Ein roman om trafikk

Juryens begrunnelse

Maud og Aud. Ein roman om trafikk er en original og særpreget roman om biltrafikkens innvirkning på tilværelsen. Bilens betydning analyseres i detalj med utgangspunkt i hvordan en families liv i løpet av ett sekund blir endret for alltid. Bilen spiller en rolle i de nygiftes lykkerus der de kjører gjennom gatene, i gledeshylene til barna som kolliderer med radiobilene på tivoli, i det uforberedte øyeblikk der den tynne livstråden til et menneske ryker, i ingeniørens tilfredshet over en perfekt konstruert vei. Tilfeldighetene former enkeltmenneskers skjebne. Ulykke for én fører til lykke for en annen.
Romanen inneholder presise essayistiske partier om olje, om organdonasjon, om trafikkovervåking, om de små bevegelsene som inngår i de store. Ingeniørene konstruerer en vei, legene konstruerer en kropp, dette er biltrafikkens konsekvenser. De mange temaene utfordrer leseren til refleksjon.

Utdrag fra boka

«AUD OG MAUD sit i baksetet når driftssjefen mister grepet,
når familien blir rykt ut av kvardagen og vegbanen og ei iblant dei, Ruth Bore, frå det eine sekundet til det neste er kommen til endes med alt som har vore henne. Fjellet gjorde ingenting frå eller til, fjellet låg der fjellet låg og stansa det raske kjøtet, det irrande kjøtet, stansa ferda til det dristige kjøtet, og av det som hadde vore Ruth var nesten berre andletet intakt, ei skive skjelvande oppå eit rørleg sjikt av slamser og splintar, med munnen halvt open, som om ho hadde meint å presentere seg for noko altfor ukjent og bratt. For svart til å vere. For hardt. Om lag fem minutt i førevegen, men allereie djupt i ei anna tid, ser jentene for siste gong si levande mor, dette andletet som er deira levande mor. Fem minutt inn i ei anna tid snur mora seg mot dei slik at andletet liksom ikkje får heilt plass til seg sjølv, munnen er derfor vriden når ho opnar den og seier noko, og brillene hamnar litt på skeive over nasen, slik at ho må etter med ei hand og rette på dei. Desse rørslene, dette uttrykket, er det som blir med over i den nye tida, etter at det vesle ho hadde å seie, har løyst seg opp eller blitt registrert berre slik ein registrerer eit trykk på 1 atm, lufta ein pustar, det heilt alminnelege. Vilkåra for livet slik vi kjenner det.»

Les mer på forlagets hjemmeside

<< Tilbake

Juryens medlemmer:

Gine Jonassen (juryleder)
Kjell Ivar Skjerdingstad
Jan Askelund
Elisabeth Svånå