Sunniva Relling Berg: Utfor

Juryens begrunnelse

En sterk ungdomsroman fra en ny og lovende stemme. Utfor forteller historien til ungdomsskoleeleven Lea, som kommer flyttende til et lite samfunn hvor hun etter hvert skjønner at noe er veldig galt. Som tittelen indikerer står en utforkjøring sentralt i handlingen, men boka tematiserer utenforskap på flere nivåer og med en stadig stigende uhygge. Gjennom et stramt språk, treffende skildringer og en gradvis avdekking av komplekse hemmeligheter konstruerer Relling Berg en dirrende spenning i sin samtidsberetning.

Utdrag fra boka

«Det var som om heile havet landa på frontruta. Vindaugsviskarane kvein mot glaset. Dei gjekk raskt, veiva som tynne armar. Mamma stira ut vindauget, den stipla lina, det vesle stykket frontlyktene rådde over. Pappa plystra lågt. Eg kikka ut sidevindauget. Store kablar strekte seg mot himmelen. Eg klarte ikkje å sjå kvar dei var festa, desse ståltarmane som heldt brua og oss oppe.
"Du veit det går an å rekne ut kva for krefter kablane tar?" spurde pappa. Han kasta eit blikk bak på meg. Mamma snudde seg og smilte medan ho rista på hovudet. Ho hadde håret i hestehale, det hadde ho berre når det var ekstra feitt. Kinna hennar var raudflekka.
"I morgon kan eg vise deg. Vi kan gjere nokre overslag. Kor lang trur du brua er?" spurde pappa.
"Så lenge brua held oss oppe, er alt bra," sa mamma.
"Har eg vist dykk filmen om brua som bølgjar og rasar saman på grunn av resonans? Det -"
Eg slutta å høyre etter kva pappa sa, la handa mot vindauget og kjende kulda i huda: som om handa blei våt av regnet. Vi køyrde av brua. Det blenkte i mørke bølgjer, berre nokre meter frå vegen.»


Les mer på forlagets hjemmeside

<< Tilbake

Juryens medlemmer:

Siri Odfjell Risdal (juryleder)
Ole Peder Moy
Maya Troberg Djuve
Karin Beate Vold