Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg

Juryens begrunnelse

Arnhild Skre fremhever sitt perspektiv i boken allerede med undertittelen "nasjonal strateg", og i fremstillingen lykkes hun å balansere skildringen av Hulda Garborgs mange oppgaver - som familiemenneske og forfatter, folkelivsforsker, draktdesigner og danseinstruktør. Garborgs livshistorie blir en fortelling om Norge mellom modernisering og nasjonalisme, men også en berettelse om Huldas klassereise fra deklassert middelklasse via bohemliv til nasjonalt ikon.

Utdrag fra boka

«I ein monter i Det Norske Teatret hang ei av Hulda Garborg sine hallinginspirerte drakter. I så stor grad er Hulda Garborg i «hallingbunad» blitt ein ikon at det synest som det var ho sjølv som stod utstilt der. Men eg vil ha henne ut av denne monteren og inn i leikarringen i barndommens Hamar, ut på dansegolvet i Kristiania Arbeidersamfund, der ho dansa midt i flokken med nasjonalfarga band over barmen, og vidare ut i eit Europa i omforming, fylt av mangfaldig nasjonsskaping og nye kunstnarlege og filosofiske tankar.
Hulda Garborgs liv var fylt av vilje, rørsle og handling. Historikarens kjeldekritikk, kontekstualisering, analyse og kjeldebaserte tekst kan få oss til å forstå tanken, viljen og vilkåra. Men skal skrivaren få fram framdrifta, aktivitetsnivået og handlekrafta, trengst det også levandenasjonal gjering. Narrative grep og dramturgi høyrer til på skjønnlitteraturens felt og biografiar skal ikkje apa etter romanen. Men av og til er forteljing den beste biografiske metoden. I Hulda Garborgs livshistorie oppstår mange slike tilfelle.
Kjeldetruskap, refleksjon, kontekst og forteljing. Med desse hjelpemidla vil eg ta Hulda Garborg tilbake til tida før nynorsk og norskdomskulturen sette seg, før bildet av dei blei farga av språkstrid og fordommar.»


Les mer på forlagets hjemmeside

<< Tilbake

Juryens medlemmer:

Marius Wulfsberg (juryleder)
Arne Melberg
Sigrun Slapgard