Frank Rossavik: Stikk i strid. Ein biografi om Einar
Førde (utdrag)
Frå den augneblinken ho tok over leiarskapen i Ap, stolte Gro
Harlem Brundtland aldri heilt på Einar Førde. Det var rett nok
mange andre ho heller ikkje kjende seg trygg på. Brundtland var på
vakt mot alle som var unge og ambisiøse nok til å ønskje hennar
posisjon, som hadde føresetnadene og nettverket som trongst til å
koma dit, og som ikkje ville nøla med å slå henne i hovudet med
noko hardt straks sjansen var der.
…
Når Gro Harlem Brundtland og Einar Førde greidde å samarbeida så
godt, var det mykje fordi dei måtte. Høgre segla høgt under
partiformann Erling Norvik og statsminister Kåre Willoch. Partiet
var større enn Ap på nokre målingar, og den gongen var det verkeleg
dramatisk om ikkje Ap var største partiet. Ingen visste korleis det
skulle gå vidare. Var Ap dømt til å bukka under av
velstandsutviklinga, saman med den stadig skrumpande tradisjonelle
arbeidarklassa? Situasjonen blei ikkje mindre trugande av at
sosialdemokratiske parti i andre land opplevde liknande kriser. I
Storbritannia, for eksempel, såg det ei tid ut til at konservative
Margaret Thatcher skulle feia Labour på sjøen for godt.
Valet i 1981 var tapt på førehand for Ap, det gjaldt berre å redda stumpane. Det makta Ap på eit vis. Så var oppgåva å reisa seg fram mot kommunevalet i 1983 og stortingsvalet i 1985. Det var prosjektet, og for å lukkast måtte partiet vise einskap. Gro Harlem Brundtland og Einar Førde var begge langt meir intellektuelle enn emosjonelle, dei var jo trass alt dei første akademikarane på Ap-toppen. Dei skjønte at dei trong ikkje å lika kvarandre for å samarbeida, men dei måtte bryta isen.
Brit Fougner hugsar framleis kor nervøs ho og Einar Førde var då Gro Harlem Brundtland første gongen inviterte dei heim til seg på Bygdøy, truleg alt det første året etter landsmøtet i 1981. «Ingen grovisar,» var mottoet for kvelden. Førde og Fougner heldt nesten pusten då dei gjekk over dørstokken til Gro og Arne Olav Brundtland i Theodor Løvstads vei, stålsette for ein høfleg kveld. Men vertinna hadde tenkt ut ein motstrategi. Det første som skjedde, var at Gro Harlem Brundtland nærast let seg falla ned i sin eigen sofa og fyrte av ein vits, som rett nok var dårleg, men alle fire lo hjarteleg, og det blei ein fin kveld.
Frank Rossavik
Frank Rossavik er
politisk kommentator og tidligere nyhetsjournalist, blant annet på
Stortinget. For boken Hei til EU fikk han svært gode
omtaler.


