Carl Frode Tiller: Innsirkling (utdrag)

Innsirkling.jpg

Jon
Saltdalen, 4. juli, 2006. På turné.
Vi rullar sakte inn i sentrum, om dette kan kallast sentrum
da, ei lita rundkjøring med nokre hus rundt. Eg sitt framoverbøygd
i setet, ser meg rundt, er ikkje eit menneske å sjå, er
heilt daudt, stille, er nesten ikkje butikkar her ein gong, berre
ein stengd kafé og ein kolonial med mørklagte vindauge. Skal
vi spele her, ser jo fan ikkje ut som om det bur folk her i det
heile tatt, skjønner ikkje kven som vil bu her heller, kven som
vil seg så vondt. Eg sett meg tilbake i setet, rullar ned vindauget
og legg olbogen opp på døra. Ei sval, frisk luft brer seg
utover ansiktet, god luft. Eg legg hovudet bakover og lukkar
auga, trekker pusten inn gjennom nasen og luktar, er så mange
lukter i lufta når det nettopp har regna, denne lukta av blaut
jord, lukta av syrin. Eg opnar auga, lener meg framover igjen.
Så jævla øde det er, så daudt, fan ikkje eit menneske å sjå, og
nesten ikkje ein lyd å høre, hører berre motorduren vår. Og
klistrelyden av dekk som rullar over regnvåt asfalt. Skjønner
fan ikkje kven som busett seg på ein stad som dette.
- Hadde vi hatt tid før konserten, skulle eg ha prøvd fisket,
seier Anders. Skal visstnok vere ei bra lakselv her!
Snur meg og ser på han, flirer. Men han ser ut som om han
meiner det alvorleg, sitt der i baksetet og ser på meg, nikkar
mot høgre. Eg strekk hals og ser dit han nikkar mot. Heng
eit pappskilt i eit vindauge på andre sida av gata, «fiskekort til
sals», står det, svart sprittusj og løkkeskrift som skrår ned mot
høgre. Snur meg og ser ut av frontruta igjen.
- Ja, ja, seier eg. Bortsett frå innavl, er det vel berre jakt og
fisking og slikt å halde på med her omkring.
Snur meg mot Anders, flirer igjen. Men han har snudd seg
til sida og ser ikkje på meg, fekk det visst ikkje med seg. Eg
snur meg tilbake, ser ut frontruta igjen.
- Og så idrett, så klart, legg eg til. Ski og slikt! Men ikkje
lagidrett, det er sikkert ikkje nok folk til å drive med lagidrett
her, seier eg.
Går ei lita stund.
Lars tar av til høgre, og vi rullar ned ein slak bakke som
fører ned mot kaia. Skimtar den blå, blinkande sjøen langt der
nede, nokre måker som krinsar rundt ein grøn container.Men
ikkje eit einaste menneske, fanmeg fullstendig daudt overalt,
midt på dagen, og så er det så aude som dette. Lener meg litt
framover og lèt blikket gli frå side til side, flirer og ristar på
hovudet.

Carl Frode Tiller

Tiller.jpgCarl Frode Tiller (f. 1970) har skrevet de svært kritikerroste romanene Skråninga (2001) og Bipersonar (2003), samt enakteren Folkehelsa (2007). Debuten brakte ham P2-lytternes romanpris og Tarjei Vesaas' debutantpris. Tiller har også mottatt Aschehougs debutantpris og Bjørnsonprisen, og er blitt kåret i Morgenbladet til en av Norges aller fremste yngre forfattere.