Linn T. Sunne: Happy (utdrag)
Hanna heitte den vesle grå. Venninna til Mathilde med lys i ansiktet. Hanna sat rett framfor meg i klasserommet, bøygde nakken over matteboka. Tasta på ein kalkulator. Strauk håret vekk. Eg veit ikkje kva som var så spesielt med henne. Men eg hadde bestemt meg - eg ville bli kjend med Hanna. Det var lenge sidan eg hadde bestemt noko sjølv. Vi la vekk mattebøkene, det var mat. Eg hadde kjøpt niste på Esso i dag tidleg, ein mjuk bagett med kyllingkjøtt og noko salatguffe. Hanna snudde seg bakover mot meg, smilte. Alle smilte til meg, snille smil. Litt for snille og stive, eg fekk lyst til å sparke nokre av dei smila. Men eg heldt beina i ro mens Hanna kikka på bagetten min. - Er han god? spurde ho. - Ikkje noko særleg. Vibeke tok med seg magen sin og gjekk, vi sat att og gomla, ein tom mjølkekartong flaug gjennom lufta. Eg og dei tjueto. Mathilde tok ei skei med yoghurt og kasta ut eit spørs - mål til meg. - Er det far din som er den nye dokteren? Eg nikka, hadde akkurat tatt ein altfor stor bit. Kinna bula ut. - Mor di, da? Eg hadde førebudd meg. Visste kva eg skulle svare. Men orda som kom ut da eg hadde fått togge ferdig, var andre enn dei eg hadde planlagt. - Ho er i utlandet. - Er foreldra dine skilde? - Nei, ho berre arbeider der. - Kor da? Spørsmåla hagla, frå gutar og jenter, eg hugsa ikkje namna på nokon av dei. Berre Hanna, og ho sat stille, med ryggen mot vindauget. Ho såg mot meg, men sa ikkje noko. Eg fortalde. Om mor mi. Som arbeidde i New York. Hadde leilegheit der, sidan ho var der så ofte. På Manhattan, eg hadde vore der i sommarferien. Eg fortalde. Om arbeidet hennar. Om kor slitsame dagane som motefotograf kan vere. Om bortskjemde modellar. Om kravstore arbeidsgivarar. Eg fortalde vel det meste. Kanskje litt til. Dei måpte, dei såg akkurat så dumme ut som eg hadde håpt på. Stjernene vart tende i auga deira. Mote - fotograf. New York. Supermodellar. Dei stod rundt meg i friminuttet, lo og smilte. Ikkje så stive no lenger. Eg sparka litt i grusen likevel.
Linn T. Sunne
Linn T. Sunne er fødd
i 1971 og er oppvaksen på Kongsberg og i Valldal på Sunnmøre. Ho
bur no på Dokka, og arbeider med litteraturformidling for barn og
ungdom på bokbussen i Oppland.

